top of page

Henting av nettbestillingar: Kl. 14–18, tysdag til søndag.

  • T&D-SOME-01_edited
  • T&D-SOME-02_edited
  • T&D-SOME-03_2_edited

Bestill di skreddarsydde kake

Lat oss lage ei kake som er like spesiell som anledninga di. Fyll ut skjemaet under, så tar me kontakt for å skreddarsy kaka etter dine ønskjer.

Bestillingsskjema

Ønsker å bli kontakta ved
Telefon
E-post

Informasjon om Bestillinga

Etter at du har sendt inn skjemaet, vil me kontakte deg for å bekrefte detaljane og sikre at kaka vert perfekt for anledninga di.

Kake-5.png

Ditt design, vår ekspertise!

Ofte Stilte Spørsmål

Kor tid i forvegen bør eg bestille?

Me anbefaler å sende inn bestilling minst 7 dagar i forkant.

Kan de tilpasse kaka heilt til mine ønskjer?

Ja! Me samarbeider med deg for å sikre at kaka oppfyller forventningane dine.

Kva kostar ei skreddarsydd kake?

Prisen avheng av storleik, smak, og dekorasjonar. Me gjev eit prisoverslag etter at du har sendt inn skjemaet.

Skreddarsydde kaker

Hjå T&D Bakeri skreddarsyr me kakene etter dine ønskjer. Du kan velje mellom anna smakar som sjokolade, vanilje eller friske bær, og fylle kaka med alt frå salt karamell til frisk sitronkrem. Me lagar dekorasjonar som passar til alle høve – frå enkle og elegante til meir detaljerte og kreative. Ei kake frå oss er ikkje berre smakfull, men også ei oppleving som gjer anledningen ekstra spesiell.

bottom of page